Hardanger Akvasenter

Hardanger Akvasenter vart skipa i 2007 som Norges fyrste visningsanlegg for havbruk. Grunnlaget for oppstartinga var då som det er i dag, eit ynskje om å vidareformidla kunnskap om næringa som har utvikla seg til å bli ein av verdas mest bærekraftige storskala matproduksjonar. I dag er me eitt av totalt 18 visningssentre langs Norskekysten. Sjå ei oversikt over alle sentra på akvavisning.no.

Hos oss får besøkande sjå korleis oppdrett av laks føregår i praksis. Med undervasskamera installert, får gjestene eit godt inntrykk av livet i merden, og dei kan sjølv spasere ut på anlegget og ta laksen i augnesyn.

«Det flytande huset» som ligg som ein del av anlegget, husar eit visningsrom i første etasje, der dei besøkande gjennom videoar og utstillingsmateriell får innblikk dei ulike elementa som utgjær Norsk Lakseoppdrett. I andre etasje ligg eit stort og flott møterom med fullt utstyrt kjøkken og alle fasilitetar. Her serverer me smaksprøvar til grupper og rommet kan tingast til kurs, konferanse og andre arrangement.

Kontakt informasjon

Adresse: Steinstø Kai, 5612 Steinstø
Telefon: 56 55 55 40
E-post: post@akvasenter.no
Nettsted: www.akvasenter.no

Hvor finner du oss

Hardanger Akvasenter ligger i idylliske omgivelser i Steinstø.

Se kart her: Hardanger Akvasenter