Lyr tartar med løvetannkapers

Lyr tartar med løvetannkapers

Lyr tartar med løvetannkapers 2048 2560 Smak av kysten
Smak av kysten - stripe
Lyr tartar med løvetann- kapers
og potetflatbrød
Anne Lill, Stene Matglede i Bergen

Smak av kysten

Oppskrifter

Oppskrift

Lyr tartar med løvetann- kapers

Middag

Medium

Ingredienser

Oppskrifta er til ca. 4 forretter eller 2 hovudretter

Tartar:

  • 300 g lyr filet
  • 1 stk. rødløk finhakka
  • 40 g løvetannkapers
  • 2 ss hakka grasløk
  • 1 ss fin dijon sennep
  • 2 ss kremost naturell
  • 1 dl kaldpressa rapsolje
  • 2 ss seterrømme
  • 2 ss granskuddsirup
  • Salt og Pepper
  • Sitronsaft

Superenkelt potetflatbrød:

  • 500 g poteter
  • Ca. 2 dl finmalt rug
  • 1⁄2 ts salt
  • Semulegryn til utbaking

 

Slik gjør du

Tartar:

– Tips: Løvetannkapers og granskuddsirup kan byttes ut med vanlege kapers i lake og flytande honning. Sitron og lime kan brukast om kvarandre så ta evt. det du har. Lyr filet kan byttes ut med anna fisk om du vil, her er det bare fantasien som setter grenser

  1. Hakk opp fiskefileten i små bitar og finhakk løken, grasløk og kapersane. Bland dei saman med litt salt og peppar og la stå kaldt medan du fikser dressingen.
  2. Ha sennep, olje, kremost, rømme og granskuddsirup i et litermål. Pisk det godt saman eller køyr det saman med en stavmiksar.
  3. Bland dressingen med fiskeblandinga og smak til med salt, peppar og evt. litt meir sitronsaft. Så er tartaren klar for servering.

Superenkelt potetflatbrød:

  1. Kok potetene med skalet på og la dei avkjølast før du skreller dei. Mos dei med ein gaffel og bland i saltet.
  2. Tilsett rugmjøl til du har ei passe fast deig som du kan forme. Sett den i kjøleskapet i 20-30 min så den kan sette seg litt.
  3. Bruk raust med semulegryn når du skal bake utover slik at ikkje deigen setter seg fast. Trykk først utover med fingrane før du kjevlar ut tynne små lefser på ca. 15 cm.
  4. Steik dei i varm tørr steikepanne på litt over middels varme. Pass på å snu dei når dei har fått god og gyllen farge. Legg på rist og dekk med et klede.

Anretning

Til ein forrett så legg opp en bit potetflatbrød med tartaren og pynt med litt urter og kapers på toppen. Dersom du vil utvide retten meir til ein hovudrett så legg litt spinat på flatbrødet før du topper med tartarmiksen, litt strimler av t.d. gulrot og agurk som du har vendt i litt appelsinsaft og rapsolje, litt rista sesamfrø og friske urter på toppen.